(Møre-Nytt:)– Det er jo litt stas å vere den som får flest år bak seg på Norway Cup som fotballdommar. Det har vore veldig kjekke år med fotballdømming på Ekebergsletta, og eg har mange gode minne og opplevingar frå Norway Cup, fortel Krumsvik.

I slutten av denne veka reiser han igjen av garde for å dømme fotballkampar under verdas største fotballturnering for born og unge. Opptil 1.600 lag frå femti-seksti nasjonar tek del i denne populære fotballcupen der det vert spela kring 6000 kampar i løpet av ei veke.

Sunnmørsposten sender Norway Cup: Desse kampane kan du sjå direkte på smp.no

Starten

Magne Krumsvik starta å dømme fotball i 1985, då han var seksten år. Og no har han dømt fotball i trettitre år, og i tretti av dei har han altså kvar sommar, frå siste delen av juli, brukt delar av ferien på Ekebergsletta. Legg ein saman alle vekene han har dømt under Norway Cup, kjem ein opp i eit halvt år.

I år er 430 dommarar frå heile verda påmelde for å dømme kampar. Krumsvik reknar med å dømme tjue kampar, noko som er vanleg for han.

– Det er ein spesiell atmosfære under Norway Cup. Der føler alle at dei er del av ein familie. Og der møtest vi dommarane kvarandre år etter år og har eit godt fellesskap og samhald. Fleire av oss er veteranar som har delt klasserom mange gonger, fortel Krumsvik.

Slagsmål

– Er det noko spesielle kampar du hugsar att?

– Den verste kampen eg har dømt var den gongen eit amerikansk lag, som kom rett frå Dana Cup der dei vann, spelte mot eit bergenslag. Då bergensarane tok leiinga byrja amerikanarane å ryke i hop med dei, og det utvikla seg til slagsmål, og eg måtte berre blåse av kampen, humrar den røynde dommaren.

Årets Norway Cup kan verte ei spesiell oppleving for Magne Krumsvik.

– Eg fyller femti neste år og vurderer å gi meg som fotballdommar. Men eg kjem i så fall til å delta som observatør og rettleiar. Så dei vert ikkje kvitt meg så lett, smiler Krumsvik.

Denne saka sto først på trykk hos Møre-Nytt.

Tretti år som dommar på Norway Cup er status for Magne Krumsvik dette året. Foto: ROY-ARNE FOLKESTAD/Møre-Nytt