Sivert Heltne Nilsen seld til Danmark

Sivert Heltne Nilsen forlet Brann og skal spele i Danmark. Det er opprør i Bergen.

Voldingen Sivert Heltne Nilsen melder overgang til den danske klubben Horsens.  

fotball

(Mørenytt): Voldingen Sivert Heltne Nilsen går frå Brann til den danske klubben AC Horsens. Det vart avklart måndag ettermiddag, skriv Bergens Tidende.

– Eg er vanvittig glad for å gå til AC Horsens, der eg verkeleg har følt meg ønska, seier Heltne Nilsen i en melding på Horsens heimeside.

bt.no

Heltne Nilsen har vore ein viktig spelar for Brann, som kjemper i toppen av eliteserien. Salet er omstridd mellom Brannsupporterane.

 – Dette liknar eit svik, meiner fotballkommentatoren "Doddo" i Bergens Tidende.

Han legg ansvaret på klubbleiinga,men meiner Brann-trenar Lars Arne Nilsen burde hindra salet.

–  Lars Arne Nilsen veit betre enn nokon andre kva for betydning Sivert har hatt for Brann. Kvifor sette han ikkje foten ned då bodet fra Horsens kom?, skriv Doddo i Bloggen sin.

Brann trenar Lars Arne Nilsen seier til BT at han ikkje vil kommentere salet, fordi han ikkje har hatt noko å gjere med det.

– Det er ikkje mitt bord, seier Lars Arne Nilsen.

Saka blei først publisert av Mørenytt