Hødd-leiaren trur på rekneskap i balanse

Etter ei tung periode økonomisk for Hødd, trur dagleg leiar Oddmund Otterlei dei kjem i balanse med rekneskapen i år.

Meir jubel? Hødd har mista serieleiinga tilbake til Skeid, som har to poeng å gå på ned til Hødd. No ventar ein tøff heimekamp for Hødd mot Brattvåg.  Foto: Svein Olav Humberset

fotball

I midten av juli kom sjokkmeldinga om at Hødd måtte permittere tre av fire i administrasjonen 50 prosent frå starten av august av. Årsaka var tøffe tider økonomisk for klubben.

Dagleg leiar Oddmund Otterlei har den siste månaden berre jobba 50 prosent for klubben som kjempar om opprykk til 1. divisjon.