Hødd-leiinga etter det bitre tapet mot Brattvåg:

– No må vi stå saman

På dei siste fire kampane har Hødd teke to poeng, av 12 moglege. Det er altfor dårleg i kampen om opprykk, og det veit alle i Hødd også.

Kva no? Sindre Eid hadde mykje å gruble på undervegs i lokaloppgjeret mot Brattvåg. Og endå meir å gruble på etter kampen. No er brått det etterlengta opprykket til 1. divisjon, og bedre økonomiske kår, langt unna. Bak ser vi Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft, som opplevde ein skikkeleg opptur på overtid, då Brattvåg scora sigersmålet. Den svei skikkeleg for Hødd! Og Eid legg ikkje skjul på at rammevilkåra for den sportslege satsinga i Hødd kan bli strammare om opprykket ryk i haust. 

fotball

Og søndagskvelden sto i stil med det som har vorte levert i det siste, når lillebror Brattvåg kom til Høddvoll og stal heile potten med scoring på overtid.