Ny styreleiar i Bergsøy Fotball

Lars Conradi Andersen og Geir Johan Bakke.  Foto: BERGSØY

fotball

– Geir Johan Bakke vart takka av som styreleiar under Bergsøy Fotball sitt årsmøte. Bakke har vore styreleiar i 10 år, og i desse åra har klubben tatt store steg både på drift og anleggsida. Med Fiskarhallen på plass som det siste tilskuddet har ein eit komplett anlegg til glede for både små og store i klubben, og Bergsøy Fotball vil takke Geir Johan for flott innsats i klubben. Nyvald styreleiar er Lars Conradi Andersen, og med seg i styret har han Ronny Pål Kvalsvik som nestleiar, Cecilie Zahl, Torbjørn Hide, Håvard Remøy, Lasse Myrhol, Rune Frantsen og Lisa Mari Dragnes.

Det skriv dagleg leiar Tom Beddari i ei pressemelding.