Bjørndal frå Vartdal blei årets eldsjel

Jon Helge Bjørndal frå Vartdal IL blei kåra til årets eldsjel på Sunnmøre søndag.

PRIS: Jon Helge Bjørndal frå Vartdal IL fekk prisen som årets eldsjel.  Foto: Marius Simensen

fotball

Mannen har vore ein viktig bidragsytar til at Vartdal fekk sin nye stadion som vart opna tidlegare i år.

Prisen vart delt ut i pausen under i Aalesunds 4-0-seier over Levanger på Color Line Stadion søndag.

Bjørndal vant i konkurranse med Therese Slyngstad frå Langevåg IL, samt trioen Steinar Lillebø, Idar Ove Giskegjerde og Eldar Røsvik frå Giske IL.

Avstemminga starta i oktober og gjekk til fredag 2. november. Det var mogleg å stemme på nettsida til fotballkretsen og AaFK.

Totalt var 32 personar nominerte. Også Sparebanken Møre og Coop har vore med å velje ut vinnaren.