Ser fram mot jubileumssesongen for Hødd:

Flatin gir ut eksklusiv jubileumsbok

– Eg sa til A-lagstrenar Sindre Eid at seniorane ikkje kjem på framsida av årboka før dei har rykka opp. Så vi får håpe det skjer i neste års jubileumssesong, smiler Arne Flatin.

I år som i fjor: Arne Flatin med årboka til IL Hødd for 2018. Drakta Flatin har på seg er frå 1994, då Hødd sist rykka opp i eliteserien. Og neste år rundar Hødd 100 år. Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

fotball

For i 2019 rundar IL Hødd heile 100 år, og det skal merkast. I alle høve i Ulsteinvik.

– Ein jubileumskomite har vore i sving i over eit år allereie, og vi har dei store linjene på plass. Sjølve jubileums-kickoffet skjer på Sjøborg i slutten av januar, seier Flatin. Som «sjølvsagt» er leiar for jubileumskomiteen.