Volda knuste Ørsta framfor 1000 tilskodarar

Det var heile 5–0 for Volda i lokalderbyet mot Ørsta 16. mai. No leder dei 4. divisjon.

Fredrik Kvalsnes har fastsatt sluttresultatet til 5-0.  Foto: Johann Roppen

fotball

Det kunne ikkje vore betre rammer for lokalderbyet mellom nabobyane i Volda og Ørsta med kamp på fotballens nasjonaldag i strålande solskinn. Rundt 1000 menneske møtte opp for å sjå Volda køyre over Ørsta i 4.-divisjonsoppgjeret.