Brattvåg må stoppe målfarleg duo

I talet på spelte kampar er Brattvåg over halvvegs i sesongen før dei tar ein fire veker lang spelepause frå søndag. Nå ventar Egersund igjen.

GLAD: Håkon Bjørdal Leine scora to mål mot Egersund i det førre oppgjeret mellom laga for ein månad siden.  Foto: SVEIN OLAV HUMBERSET

fotball

Det er ein motstandar dei møtte i serien allereie for ein månad sidan. Då vart det 2–2 etter scoringar av Håkon Bjørdal Leine og Bob Sumareh. Dei har scora høvesvis åtte og ni mål denne sesongen. I tillegg har Egersunds andre spiss, Markus Naglestad, bokført seg med ti scoringar. Kun Stjørdal-Blinks Mats Lillebo har fleire mål.