Tap for Brattvåg i Trøndelag mot Levanger:

– Vi prøvde etter beste evne

Brattvåg gjekk på eit surt tap mot Levanger laurdag ettermiddag.

Tap: René Skovdahl måtte sjå at hans Brattvåg tapte mot Levanger i Trøndelag.  Foto: Marius Simensen/Arkiv

fotball

Etter den sterke sigeren mot Hødd førre veke, drog Brattvåg til Trøndelag og Levanger med god motivasjon. Dessverre for gultrøyene, enda kampen med eit 2-0-tap, og dei må reise heim utan poeng.