Stranda fotball tar i bruk skinkedrakter

Stranda vil forsterke sin posisjon som skinkehovudstad gjennom Stranda fotball.

Stranda sin kaptein, Øyvind Fjørstad, viser seg fram i skinkedraktene.  Foto: Stranda fotball

fotball

Difor har Grillstad/Stranda-fabrikken på Stranda som produserer den kjente Strandaskinka laga skinkedrakter til Stranda fotball når A-laget tek i mot Herd 2 til kamp torsdag. Det opplysast i ei pressemelding.

– Vi snakka med Stranda Spekemat og PR-byrået deira under skinkefestivalen i fjor, og blant alle dei ville idéane for å setje Stranda på kartet som skinkehovudstad så hadde vi sans for dette og ønska å bidra, seier mangeårig primus motor i Stranda fotball, Leidulf Årvik i pressemeldinga.

Fleire gonger?

Han utelukkar ikkje at draktene kan bli tatt i bruk igjen.

– Dette er jo mest for gøy, men draktene er stilige at uansett korleis det går på torsdag, så blir det freistande å bruke dei igjen, seier Årvik, og legg til:

Grillstad/Stranda-fabrikken meiner no at ingen kan ta frå dei merket som Norge sin skinkehovudstad.

– Skinkerådhus, skinkefestar og skinkedrakter på bygdas fotballag. No er vi definitivt Norge sin skinkehovudstad, seier «skinkesjef» Geir Johansen.

– Kan ete medan vi er i angrep

Også spelarane ser fram til stuntet torsdag.

– Både medspelarane mine og eg er glade i skinke, så desse draktene er midt i blinken for oss. Men eg håpar ikkje at vi blir alt for svoltne av å sjå på kvarandre mens vi spelar. Heldigvis kan vi ete skinke før kampen, i pausen og etter kampen. Og Raimondas i målet kan jo ete skinke medan vi er i angrep, seier Stranda sin kaptein, Øyvind Fjørstad.