Mange sjansar, men inga utteljing

– Vi får som fortent

Etter eit 5-1-tap mot Egersunds på bortebane tidlegare i år, tok Hødd imot gjestane til returoppgjer søndag. Det skulle vise seg å vere den same mannen som senka Hødd sist gong, som skulle gjere det igjen.

TAKKAR FOR KAMPEN: Sander Nyland og Markus Naglestad takkar her for kampen. Naglestad var Hødd-spelar forrige sesong, men denne sesongen har han vore Hødds mareritt. På to kampar mot gamleklubben har han notert seg for fire nettkjenningar.  Foto: Svein Olav Humberset

fotball

Etter fem spelte minutt klarte Egersunds å vinne att ball på midtbana, før dei fekk brot i Hødd sitt forsvar og kom seg rundt venstrebacken. Det var Markus Naglestad, som spelte for Hødd sist sesong, som sette ballen sikkert i nettmaskene, og sende Egersunds i leiinga.