Hødd har trenerteamet på plass

Ronny Osnes og Joakim Wrele skal trene Hødd sitt damelag i 2. divisjon.

NYE TRENARAR: Joakim Wrele og Ronny Osnes blir nye hovudtrenarar for Hødd sitt damelag i 2. divisjon.   Foto: Hødd Fotball

fotball

Måndag blei det klart at Hødd har signert Ronny Osnes og Joakim Wrele som sidestilte hovudtrenarar for 2021-sesongen. Hødd skriv i ei pressemelding at laget skal etablere seg skikkeleg i 2. divisjon, med eit lag som har ei blanding av unge og etablerte spelarar frå høgre nivå i Norge.