Gir frå seg plassen i 1. divisjon: Her er drakta og logoen til laget som tek over etter Nest-Sotra

No har Nest-Sotra bestemt seg for å gi frå seg plassen sin i 1. divisjon til Øygarden FK.

FORTALTE OM STATUS: Ole Kårtveit er leder både for Nest-Sotra og den nye klubben Øygarden FK. Torsdag kveld fikk han med seg årsmøtet med seg på å overføre Nest-Sotras Obos-ligalag til Øygarden FK.  Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

fotball

SKÅLEVIK: Dei 18 røysteføre på det ekstraordinære årsmøtet i Nest-Sotra torsdag kveld var ikkje i tvil. På klubbhuset på Skålevik, omgitt av pokalane klubben har vunne opp gjennom tida, gjekk dei samrøystes inn for å overføra plassen sin i 1. divisjon til den nye klubben Øygarden FK.