Nevstad gir seg etter 30 år: - Ei tung avgjersle å ta

Dei negative hendingane har stått i kø for Hødd dei siste månadene. Men at André Nevstad også gjeng frå bordet, det «tek kaka».

André Nevstad føler seg medskuldig i at Hødd ikkje klarte å innfri forventningane i 2018. No har sportssjefen i Hødd gjeve beskjed om at han gjev seg i klubben, etter nesten 30 år i Hødd si teneste. Å miste Nevstad er nok eit tøft slag for klubben, som verkeleg er i «kneståande» no.  Foto: Svein Olav Humberset

fotball

Det starta med at tre i administrasjonen, Nevstad inkludert, vart 50 prosent permitterte. Så rauk opprykket til 1.-divisjon, noko som var eit knusande slag i «trynet» for Hødd.