Slik vert den nye storklubben som skal erstatta Nest-Sotras topplag

– Me hadde ikkje gjort dette utan at me hadde tru på det.

SLUTT PÅ NEST-SOTRA: – Merkevara Nest-Sotra og den toppklubben si merittliste vil få ein sluttdato. Det er ein epoke som er over når Øygarden FK tek over, seier Toralf Rugland.  Foto: Bård Bøe

fotball

ÅGOTNES: Den fuktige grasmatta, den velbrukte friidrettsbana og dei brukte seta frå Brann Stadion gir Ågotnes Stadion eit noko slite uttrykk. Som ikkje gjer at ein byrjar å tenkja på toppfotball.