Steffen Landro om den farlege andresesongen: – Det er rein statistikk. Mange rykkjer ned.

Nest-Sotra-trenaren finn inspirasjon i tal, poker og basketball. No skal han følgje opp suksessesongen frå i fjor.

FORSLAG: Steffen Landro har vore på jobb i mange timar når Nest-Sotra-spelarane kjem for å trene. Ein av dei foreslår paintball. – Me har statistikk på at me spelar bra etter sosiale arrangement, seier trenaren til stor latter i garderoben.  Foto: Ørjan Deisz

fotball

I ei bokhylle inne på det vesle kontoret til Steffen Landro står det tre bøker. Ei av Roy Keane, ei av Alex Ferguson og den aller viktigaste: Ei bok av Phil Jackson, mangeårig trenar i NBA.