Tidlegare Hødd-spelar frå 2. divisjon til mesterligakvalifisering

Andreas Breimyr er klar for spel på Færøyene.

Andreas Breimyr (t.h.) skal spele for HB.  Foto: Hødd Fotball

fotball

I fjor var Andreas Breimyr involvert i 18 kampar for Hødd, men midtbanespelaren fornya ikkje kontakt kontrakten med 2. divisjonsklubben.

Sidan har rogalendingen leita etter ein ny arbeidsgjevar og i førre veke vart hans nye klubb klar.

Breimyr skal spele for den færøyske klubben HB, Havnar Boltfelag, i Torshavn.

Klubben vart i fjor seriemeister og skal i sommar spelar Champions League-kvalifisering.

Søndag serieopna HB mot Torbjørn Gryttens KI Klaksvik. Den kampen enda 0–0.

Broren, Henrik Breimyr, som samen med Andreas spelte for Hødd i fjor, skal spele for Tromsdalen kommande sesong.

Andreas Breimyr har tidlegare spelt for blant anna Crystal Palace, Viking og Bryne.