Ifølgje Fjordingen er Hornindal sitt jentelag blant dei som vart utsette for mannen sin oppførsel.

– Fleire av våre jenter reagerte på uønska berøring og påtrengjande oppførsel. Etter å ha blitt utsett for dette varsla jentene oss som trenarar og vi gjekk vidare til leiinga i Norway Cup. Deretter vart politiet varsla. Mannen vart pågripen tysdag kveld, opplyser trenarane for Hornindal, Marianne Vellene og Atle Myklebust til Fjordingen.

Les også: Treneren pågrepet og siktet for seksuelt krenkende atferd

Etter at mannen vart pågripen var nokre frå laget til politiavhøyr. Til avisa seier Vellene at jentene har fått god oppfølging frå arrangørane, og at dei har fått møte lege og psykolog for å snakke saman om opplevingane.