På tida 1,54,01 sprang Karsten Warholm inn til Dimna IL sitt aller første stafettgull på seniornivå, då han, Toralv Opsal, Nicolas Roppen Masters og Onar Apelseth varden beste kvartetten på 1000 m stafett.

Vinnartida var eitt sekund og 61/100 raskare enn sølvvinnarane frå Idrettslaget Skjalg.

- Det var ein kjempestafett. Dei gjorde ein veldig god jobb på dei første etappene, så Karsten hadde ein grei jobb med å springe inn til gull, seier trenar Arve Hatløy.

- Kongehelg

Warholm tok derfor med seg eit tredje NM-gull heim frå Askøy, som viser at 20-åringen er i god rute før OL i Rio.

- Dette viser at han begynner å kome i form før OL, så han var veldig nøgd med helga, stadfestar Hatløy.

Og den OL-klare Dimna-guten kunne også smile ekstra breitt, for han fekk også med seg kongepokalen – i år som i fjor.

Får skryt

- Det er ikkje så veldig mange som har gjort før han, så det også var ein god prestasjon, skryt Hatløy om Warholms prestasjon.

Sjølv var 20-åringen veldig glad for at han fekk med seg sin andre kongepokal.

- Eg sov veldig godt natt til søndag etter alt det som skjedde laurdag. Ei kongehelg, seier han til friidrett.no.