Om tre veker blir senior-NM i friidrett avvikla innandørs i Ulsteinhallen, med Dimna sin eigen Karsten Warholm som det store trekkplasteret. Og denne helga vert det generalprøve før NM for arrangørkorpset til Dimna IL.

Over 250 utøvarar har meldt seg på helgas opne KM i Ulsteinhallen, og dei kjem frå Trøndelag, Sogn og Fjordane samt sjølvsagt frå Møre og Romsdal. Dette KM er for aktive frå 11 år og opp til senior, men dei aller fleste stiller i juniorklassene denne gong.

Utan Warholm

Diverre kan ikkje Karsten Warholm stille denne gong, han er på treningsleir på Tenerife for å førebu seg til NM på heimebane.

Dimna-trenar Arve Hatløy gler seg til det opne inne-KM i friidrett denne helga. Der over 250 utøvarar stiller. Foto: Jarle Mordal

– Karsten «kan» denne hallen allereie, han har trent og konkurrert her før. Og kan ikkje øydelegge ei viktig samling berre for dette eine stemnet, seier Dimna-trenar Arve Hatløy.

Heller ikkje den andre «kanona» frå Dimna IL, Toralf Opsal, er i si beste form no. Og deltek berre i kule i KM.

– Toralf har vore lyskeskadd store deler av hausten, og er framleis ikkje heilt bra. Difor vert det berre kule på han no, seier Hatløy.

Sprint-håpet Jonas

Som har tru på ein av dei yngre Dimna-løparane, nemleg 14-årige Jonas Andre Ose. Som før jul sette ny norsk eldersrekord for 14-åringar på 60 meter med lynraske 7,21.

– Med den tida er han eit par tidelar kjappare enn det både Karsten Warholm og Henrik Overvåg var då dei var på hans alder. Og eg trur han kan bli ein frontfigur i KM resultatmessig, seier trenar Hatløy. Som er særs spent på kva unge Ose kan klare på 200 m innandørs, ei distanse han har sprunge lite til no.

Dimna med 90 med

– Kven blir beste klubb i KM, Hatløy?

– Det skal mykje til om ikkje det blir min eigen klubb Dimna IL. Vi har med heile 90 aktive i KM, og mange av dei vil nok vinne sine klassar, trur han.

Sjølv om det stiller eit kvart tusen aktive i helga, vert det endå fleire som kjem til senior-NM fyrste helga i februar.

– Då ventar vi rundt 400 deltakarar, og vi gler oss veldig til å få sjå dei beste i Norge i aksjon i hallen vår, seier Arve Hatløy.