Nordfjorddominans i Blåfelden rett opp

Arve Rindal frå Eid IL vart førstemann over mål,
Friidrett

Motbakkeløpet Blåfelden rett opp vart arrangert for andre gang laurdag, i Syvde i Vanylven. Og på dei fremste plassane var deltakarane i frå Sogn og Fjordane, og då spesielt Nordfjord, endå meir dominerande enn i fjor. I klassen for kvinner var det vinnaren frå i fjor, Merete Helgheim frå Gloppen FIK, som vann framfor Elisabeth Hildenes frå Eid IL. Åse Iren Sætre, Ørsta IL, vart best plasserte deltakar frå Møre og Romsdal med tredjeplass.

I klassen for menn vart det også vinnaren frå i fjor som vart sterkast. Rekkefølgja her vart Arve Rindal frå Eid IL som førstemann over mål, framfor Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen IL og Jan Erik Sørhaug frå Fjellhug Vereide.

Medan det i fjor var sommartemperatur og strålande ver under Blåfelden rett opp, var det i år 12 grader, lett yr og tåke. Deltakarane var godt nøgde med temperaturen, og karakteriserte også løypa som god, sjølv om dei måtte passere 2 korte parti med snø og det var litt sleipt nokre stader.

På grunn av tåka valde arrangørane i Syvde IL å flytte målområdet frå platået på Blåfelden til Svartetua som er det høgste punktet på løypa med 842 meter over havet. Dermed er det ikkje mogeleg å samanlikne tidene i år med tidene frå i fjor.

Totalt var det 29 deltakarar i konkurranseklassen og 108 i mosjonsklassen i Blåfelden rett opp.