Dimna-gull i UM

Henrik Overvåg frå Dimna vart fredag ettermiddag ungdomsmeister på 100 meter for 16-åringar i Molde.

  Foto: Per Thormod Nilsen

Friidrett

Det vart ein jamn finale der berre fire hundredel skilde dei tre medalje-vinnarane. Henrik var imidlertid dei nødvendige sentimeterane føre sine to to argaste konkurrentar og gjekk heilt til topps i norgesmeisterskapen for ungdom.

Meisterksapen held fram i Molde Idrettspark fredag kveld, laurdag og søndag.

Resultat - 100 meter gutar 16 år:

1. Henrik Overvåg, Dimna IL 11,10

2. Daniel Engen Lauritzen, Moss IL 11,14

3. Sondre Nyvold Lid, Molde-Olymp IL 11,14

4. Philip Andersen Kristiansands IF-Friidrett 11,52

5. Jørgen Bekkevoll Ren-Eng, FIK 11,53

6. Kathan Yoganathan Tyrving IL 11,72