For å unngå forstyrringar når dei norske handballjentene startar opp treningane sine allereie torsdag, var det mange frivillige som hadde møtt fram for å reise opp ekstratribunane rundt banen og gjere alt i stand i Ulsteinhallen.

Det seier Hans Olav Vattøy, som møtte fram tidleg onsdags morgon for å starte på arbeidet. Han seier at ein må berre stille opp på slike tiltak. Sjølv om det er slitsamt, synest han det også er kjekt. For han har løn for strevet i auget:

– Det blir spanande å sjå dei spele med eigne auge, seier ein spent Vattøy.

Over 120 frivillige

Vattøy er éin av over 120 lokale frivillige som har stilt opp. Leiar for vertsklubben Hødd Handball, Jarl Martin Møller, seier at dette ikkje ville ha kome i land utan hjelp frå dei frivillige.

Han håper at både tribunane og eit ny-utrulla underlag blir klart til landslagsjentene tek til med si første treningsøkt torsdag kveld.

Karsten Starheim, Olav Arne Gardshol og John Kåre Vågen var tre av dei frivillige som hadde møtt opp for å reise tribunane i Ulsteinhallen. Foto: Joakim Rødven

No er det ikkje lenger noko som skal skje – no skjer det!

– Mange av dei frivillige har ringt og spurt når vi skal kome i gang, og nå har vi endeleg kome i gang. I dag er eigentleg startskotet, så no går det slag i slag fram til turneringa startar, seier Møller.

Vil sjå treningane

– Eg trur det betyr mykje at dei vel å ha oppkøyringa så tett opp til eit så viktig meisterskap her i Ulsteinvik. Vi har fått mange førespurnadar om folk som ønskjer å sjå treningane, så det kan godt hende det er bra med trykk også under treningane, gliser Møller.

Laga Norge møter under «Ulstein cup» er Romania, Frankrike og Spania.