Slik valde Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson å ordlegge seg etter at hans spelarar sikra seg den niande strake sigeren i 2. divisjon seint laurdag kveld.

Sjølv om kampen mot Byåsen Bredde var ferdigspelt rundt klokka 2130 var heimelaget sine spelarar vakne, i alle høve i 1. omgang då dei leia heile 19–10.

Vann kontrollert

I 2. omgang "sovna" Volda litt i periodar, men vann kontrollert med 35–24.

– Ingen stor kamp reint spelemessig, men vi hadde full kontroll. Og for meg er poenga viktigast, sa Haraldsson.

Volda skåra ei rekkje mål på kontringar. Det var det store pluss for heimelaget, at dei slapp inn 24 mål bakover var ikkje trenaren like nøgd med.

– No er det kamppause til 10. desember. For oss gjeld det å halde konsentrasjonen oppe og ta kamp for kamp, seier Haraldsson på vegner av eit lag som ikkje har tapt eit einaste poeng denne sesongen.