Kampen var faktisk ikkje så ulik ein klassisk Harry Hole-roman av Jo Nesbø, om vi ser vekk frå alt blodet: I starten såg det berre mørkt og trist ut. Så kom det eit glimt av håp. Deretter skjedde det fleire hendingar som forandra situasjon fram og tilbake. Men til slutt enda det godt.

Det tok åtte minutt før Bergsøy i det heile klarte å score i Herøyhallen. Og etter 12 minutt leia tabellnaboen Kjøkkelvik 10-2 (!).

– For å vere heilt ærleg veit eg ikkje kva som skjedde. Vi gjorde mange feil og gav motstandaren mange gåver. Dessutan spelte jo Kjøkkelvik bra i første omgang, forklarer Bergsøy-trenar Igor Dokmanovic.

– Tenningsnivået var ikkje på plass i det heile. Vi gjorde mange feil i angrep og tenkte at alt skal kome av seg sjølv. Heilt unødvendig av oss. Men vi fekk justert formasjonen litt. Og spesielt etter pause var vi gode, supplerer høgrekanten Emil Raknes.

JUBEL Bergsøy-leiren hadde grunn til å juble etter den enorme snuoperasjonen heime mot tabellnabo Kjøkkelvik. Bergsøy låg under med åtte mål då første omgang nærma seg midtvegs. I midten av biletet ser vi trenar Igor Dokmanovic.

Snuoperasjonen

Utover i 1. omgang begynte Bergsøy om ikkje anna å score mål. Og med stillinga 13-17 til pause var ikkje utgangspunktet så ille likevel. Etter pause vart det tydeleg at Bergsøy hadde meir å kome med enn gjestane. 11 minutt i omgangen hadde heimelaget endeleg utlikna forspranget: 21-21. Så bølgja det fram og tilbake ei stund. Vi fekk oppleve ein kamp med mykje dramatikk. Keeper Oddvar J. Roseth storspelte, men vart skadd og måtte gi seg. Heldigvis hadde erstattaren Eivind Henriksen også ein god dag. 19 år gamle Daniel Brekke hadde derimot ikkje marginane på si side – og fekk direkte raudt kort 12 minutt før slutt. Det stod 26-26 seks minutt før slutt. I sluttminutta var Bergsøy både gode og heldige – og drog til slutt i land ein 28-27-siger. Kven hadde trudd det på stillinga 1-8 eller 2-10?

Jubel Bergsøy-spelarane takka den alltid trufaste heimefansen etter kampslutt. I front ser vi mellom andre keeper Eivind Henriksen i gult. Han spelte ei sentral rolle då han kom inn for ein skadd Oddvar J. Roseth og bidrog (i likskap med Roseth) med fleire avgjerande redningar.

– Viktig å tru

Vel, Igor Dokmanovic snakka nesten i religiøse vendingar då vi spurde han om snuoperasjonen.

– Det er svært viktig å tru. Vi må tru på oss sjølve. Vi må tru på medspelarane. Og så må vi tru på trenaren, flirer Bergsøy-trenaren.

Og legg til:

– 2. omgangen var i dag var vi veldig bra. Då spelte vi på meir enn 100 %. Eg er veldig nøgd no, ikkje minst med omsyn til at vi har tapt ein del heimekampar i haust.

God haustsesong

Bergsøy tek juleferie etter ein ganske bra haustsesong. Fasiten viser seks sigrar, éin uavgjort og fire tap.

- Vi har vore gode borte, men tapt heile firekampar. No skal vi trene godt i jula og vere godt budde for resten av sesongen. Vi har fått unna ein del tøffe bortekampar og skal møte andrelaga i divisjonen heime etter nyttår. Det kan bety at vi går ein god del to av sesongen i vente, håper og trur Emil Raknes.

Som også skrytte av dei nye unggutane i laget. Mellom anna imponerte 17 år gamle Markus Buchardt (som ein viss Thomas ikkje kan lyge frå seg) mot Kjøkkelvik med fire mål.

Kampfakta

2.-divisjon handball avd. 4

Bergsøy – Kjøkkelvik 28-27 (13-17)

Herøyhallen, ca. 130 tilskodarar

Flest mål Bergsøy: Evaldas Grieze (9), Lars Erik Bøe og Markus Buchardt (4)

Dommarar: Vegard Klokk Kalløkkebakken og Pål Alexander Valbjør

Raudt kort Bergsøy: Daniel Brekke

Tominuttarar: 5 til Bergsøy, 3 til Kjøkkelvik