Seier Halldor Stefan Haraldsson, Volda sin handballtrenar som kan ta laget sitt til seriegull allereie i helga.

– Vinn vi ein av to kampar i Trøndelag skal serietittelen vere sikra, seier Haraldsson før kampane mot Orkanger i ettermiddag og Byåsen Bredde i morgon.

Men noko feiring vert uaktuelt ifølge islendingen.

– Det er kvalifiseringskampane som gjeld. Der skal vi møte Gneist frå Bergen, vinnar av avdeling 4, fortel Haraldsson.

Volda får heimekamp i fyrste kvalifiseringsrunde, sundag 15. april. Med returkamp i Bergen tre dagar seinare. Vinnaren rykker opp, taparen får ein ny sjanse mot taparen i den andre kvalifiseringspulja.

Til kampane i Trøndelag i helga stiller Volda med full tropp.

– Vi må halde tempo og struktur oppe i alle kampar, seier Volda-trenaren.

Bergsøy sine damer skal også på tur til grannefylket. Dei møter botnlaget Levanger 2 i dag og der vinn Bergsøy. I morgon har dei også ein brukbar sjanse mot Utleira, eit lag dei spelte 22–22 mot i Herøyhallen. Bergsøy bør helst ta fire poeng i helga for å ha sjanse til å berge seg i divisjonen.