Volda utklassa Viking TIF:

Volda-målvakten scora tre mål

Volda HK utklassa Viking TIF i Voldahallen søndag ettermiddag. Etter timålsleiing ved pause, enda det 30–14. Målvakt Hilde Søyseth stod for tre av scoringane.

TRE MÅL: Keeper Hilde Søyseth scora tre mål for Volda. Her med tidlegare landslagsspelar Linn Gossé.  Foto: Magne J. Krumsvik

Håndball

Heimelaget var litt usikre på nivået til gjestane frå Bergen før kampen, men etter at målvakt Hilde Søyseth gav Volda 5–4 frå eige målfelt, sa blåtrøyene takk for følget. Halvvegs i omgangen var stillinga 8-4, til pause 17–7. Alle spelarane på heimelaget teikna seg på scoringslista, sjølv om det var Maria Ulla som sprang raskast i kontring, og teikna seg for fem fulltreffarar i første omgang.