Handball:

Volda sette ny poengrekord, siktar mot eliteserien

– Skal vi ta eit steg vidare må vi fri til heile regionen. Moglegheita for å ta steget opp til eliteserien er absolutt der. Om vi ikkje lukkast i år får vi prøve igjen til neste år.

Toppskårar: Aleksandra Zimney var i skåringsform mot Førde sundag, ho sette sju ballar bak heimelaget sin keeper i løpet av 60 spelte minutt, i ein kamp Volda vann enkelt med 14 måls overvekt etter ein særs sterk 2. omgang. FOTO: MAGNE J. KRUMSVIK 

Håndball

Det seier Halldor Stefan Haraldsson etter nok ein siger i 1. divisjon handball damer. Søndag feide Volda sin næraste nabo i divisjonen; Førde, av banen med siger 32–18. Og det på bortebane.