Bergsøy-trenaren: – Det er eit lag vi skal slå

Bergsøy ønsker å nærme seg førsteplassen i 2. divisjon. Då må klubben vinne over Nøtterøy i helga.
Håndball

Klubben frå Herøy er på full fart mot opprykk til 1. divisjon. Førsteplassen Tjølling kan ikkje rykke opp, og Bergsøy på andreplass har tre poeng ned til Fyllingen på plassen bak, samt ein kamp mindre spelt.

– Vi jaktar på førsteplassen, og då må vi vinne kampar. Det er jo noko å jobbe mot, det er ikkje nokon vits å kikke seg over skuldra og sjå på dei. Vi må sjå framover, seier Bergsøy-trener Thomas Buchardt.