Volda vann på dårlig dag:

– Disiplinen må tilbake

Volda HK hadde ingen problem med å vinne 22-17 mot Ålgård i Voldahallen søndag ettermiddag. Trenar Haraldsson gler seg over to poeng, men etterlyser disiplin gjennom ein heil kamp.

Halldor Haraldsson varsler ein oppvask med tanke på disiplinen i laget.  Foto: Marius Simensen

Håndball

Det starta svært godt for heimelaget i denne kampen. Etter halvspelt første omgang leia Volda 9-3, og alle utespelarane som starta kampen hadde kome på scoringslista. Til tider var det høgt tempo, og veldig fine kombinasjonar før scoring. Dei fleste tilskodarane trudde på storsiger då trenar Halldor Stefan Haraldsson tok time out for Volda på stillinga 11-5.