Se toppkampen direkte laurdag klokka 19:

Buchardt: – Laurdag blir Bergsøy ein del av «Gullrekka»

Bergsøy handball ser fram til toppkampen mot Tjølling på laurdag. Bergsøy-trenaren trur laget hans er kapable til å slå eit Vestfold-lag som har tapt berre to kampar denne sesongen.

Bergsøy-Bækkelaget: Då Bergsøy møtte Bækkelaget i NM i september var Herøyhallen stappfull. Det både trur og håper Bergsøy skal gjenta seg når dei møter Tjølling til toppkamp laurdag kveld.  

Håndball

– Det blir heilt fantastisk å spele toppkamp!

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt er entusiastisk før laurdagens storkamp i Herøyhallen. Motstandar Tjølling toppar tabellen, men har ikkje moglegheit til å rykke opp. Andreplasserte Bergsøy ser dermed ut til å få plass i den avgjerande opprykkskvalifiseringa, som vert spelt i slutten av april. Av dei fire avdelingsvinnarane rykker til slutt tre opp i førstedivisjon.

Lørdag kl. 19:

Sjå toppkampen mellom Bergsøy og Tjølling direkte

Vi sender det spanande toppoppgjeret mellom Bergsøy og tabelleiar Tjølling i Herøyhallen laurdag kveld.


– Eg er trygg på at vi skal klare dette, seier Buchardt.

Den tøffaste konkurrenten for Bergsøy sin del er Sotra. Strilane frå øygruppa utanfor Bergen spelte sin kamp denne runden allereie tysdag kveld, og vann då 31–26 over Viking TIF 2. Det betyr at Sotra berre er to poeng bak Bergsøy før herøyværingane sin toppkamp mot Tjølling.

– Men i realiteten er det tre poeng, då vi har dei på innbyrdes oppgjer. Og dei har berre tre kampar att å spele, så dette kjem til å gå vegen, smiler Buchardt.

Bergsøy-treneren håpet på fire poeng – fikk med seg ett fra vestlandsturen i helga

Sitter fortsatt i førersetet

– Vi må tape tre av de siste fire kamper for å rote oss bort. Fortsatt sitter vi i førersetet med tanke på andreplass og kvalifisering.


– Kan ta dei på vårt beste

Buchardt legg ikkje skjul på at han svært gjerne vil vinne akkurat laurdagens kamp.

– Vi har veldig lyst til å «plukke Tjølling på nesa», og det er vi kapable til. Vi kan ta dei på vårt beste. Men samtidig er det eit lag som slepp inn få mål, så vi må vere skjerpa. Uansett, dette blir ein artig kamp med masse duellar, seier Bergsøy-trenaren.

Han kan fortelje at Bergsøy har hatt ei fin oppkøyring til kampen.

– Vi har fått trene mykje, og vi fekk også til ei fellesøkt med Ørsta torsdag kveld. Elles er vi klare for kampen alle mann, og går inn til den med ein sterk sjølvkjensle, seier Buchardt.

18-åring fra Ålesund tatt ut på U-landslaget

Markus Buchardt er med LM00-landslaget i håndball.


Full hall og tv-sending

Buchardt, som er inne i sin første sesong som Bergsøy-trenar, meiner det er all mogleg grunn til å vere stolt over det spelarane hans har fått til denne sesongen. 

– Eg er stolt av gutane som har levert ein veldig god sesong. På grunn av dei gode prestasjonane er vi i posisjon til å spele toppkampar, og det er det som er gøy, smiler Buchardt.

Han trur laurdagens kamp blir ei flott oppleving for alle involverte.

– Det blir kjemperamme rundt kampen, og eg trur det kjem mykje folk. Og så er det veldig artig at kampen blir vist på nettet. No blir Bergsøy ein del av «Gullrekka», seier Buchardt.

Buchardt sikter då til at Vestlandsnytt i samarbeid med Sunnmørsposten vil sende kampen på sine nettsider. Sendestart vil vere om lag fem minutt før avkast klokka 19.00, og kampen vil bli kommentert av journalist i Vestlandsnytt Stian Langlo Driveklepp.

Sendinga er for abonnentar, slik går du fram for å bli abonnent.


Lørdag kl. 19:

Sjå toppkampen mellom Bergsøy og Tjølling direkte

Vi sender det spanande toppoppgjeret mellom Bergsøy og tabelleiar Tjølling i Herøyhallen laurdag kveld.