Volda handball med draumestart på sesongen

Solid forsvarsspel avgjorde i favør Volda i sesongåpningen i 1. divisjon i 24-22-sigeren over Larvik.

Alexandra Zimny scora seks mål og vart kåra til banens beste spelar. Her frå ein kamp forrige sesong.  Foto: Svein Olav Humberset

Håndball

Volda-laget fekk like før sesongstart dårlege nyheiter då det vart klart at playmaker Marte Nornes mister heile sesongen med skade. Det hindra ikkje laget i å opne sesongen krutsterkt med siger over Larvik i Vestfold.