Volda fekk det tøft mot Eliteserie-motstand

Volda hang godt med Eliteserie-klubben lenge, men då Tertnes skrudde opp tempoet vart det stor forskjell på laga.

VOLDAS BESTE: Sjølv om Volda slapp inn 30 scoringar onsdag kveld vart Hilde Søyseth (i målet på bildet) heimelagets beste spelar. Utan ho i målet ville det truleg ha vore mange fleire baklengsmål.  

Håndball

I tredje runde av NM i handball tok Volda imot Tertnes i Voldahallen. Hallen for anledninga var så godt som fullsett. Opningsminutta verka til å vere prega av nervar, for ingen av laga makta å setje ballen i mål. Det skal sjølvsagt nemnast at Hilde Søyseth i Volda-buret var nær umogleg å score på i opninga av kampen. Alle dei fire første avslutningane til Tertnes stoppa ho med svært gode redningar.