Sesongens første tap for Volda: – Ein skuffande prestasjon

Volda gjekk på sitt første tap for sesongen mot Rælingen. Tapet var med knappast mogleg margin då bortelaget scora sigersmålet eitt sekund før sluttsignalet.

TOPPSCORAR: Ingrid Rye (bildet) vart Voldas toppscorar mot Rælingen i det Volda gjekk på sesongens første tap.  Foto: Idar Arne Kristiansen

Håndball

Onsdag kveld tok Volda imot Rælingen til dyst i Ørstahallen. Kampen vart flytta til Ørstahallen på kampdag etter røykutvikling i Voldahallen i morgontimane. Oppgjeret enda i sesongens første tap for Volda, som før kampen stod med fem strake sigrar og var aleine på tabelltopp.