Volda spelte uavgjort i dramatisk toppkamp

Det var ei skikkeleg berg- og dalbane då Volda møtte andreplassen Flint Tønsberg. Det heile enda fredfullt med sluttresultatet 24–24 og poengdeling.

Sara Dögg Hjaltadottir var sentral i angrepsspelet til Volda mot Flint Tønsberg, ho vart nemleg toppscorar for heimelaget med sine seks scoringar.   Foto: Aleksander Svendsen

Håndball

I førsteomgangen av kampen var heimelaget fullstendig dominerande, og tok med seg ei sjumålsleiing inn til pause. Effektivt angrepsspel, samt kvalifiserte redningar av målvakt Hilde Søyseth, gjorde at stillinga var 16–9 etter dei første 30 minutta. Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson meiner at spelet i førsteomgangen var av Eliteserienivå.