Volda slapp med skrekken — vann med eitt mål

Etter å ha leda med ti mål midtvegs i andreomgangen vart det måltørke for Volda-jentene. Trass i 16 minutt utan scoring vart det siger.

BANENS BESTE: Kine Kvalsund vart kåra til banens beste mot Grane Arendal av ein lokal jury. Ho scora fem mål, og vart toppscorar saman med Ingrid Rye, som også scora fem gongar.  Foto: Aleksander Svendsen

Håndball

Tidleg opparbeida Volda seg ei komfortabel leiing heime mot Grane Arendal, slik som dei også gjorde førre helg mot Flint Tønsberg. Denne gangen også leia dei med sju mål over bortelaget ved pausesignalet. No var det 17-10, i motsetning til førre vekes 16-10-leiing.