Handball:

Stortalent blir verande i Bergsøy

Erik Ruud Helgesen skal spele for Bergsøy også denne sesongen.

Blir: Erik Herman Ruud Helgesen, her saman med trenar Einar Jonsson, skal spele for Bergsøy også denne sesongen.   Foto: Bergsøy Handball

Håndball

Handballtalentet Erik Ruud Helgesen gjekk til Bergsøy frå Spjelkavik i fjor, og spelte i 2. divisjon allereie då han var 16 år. No er det klart at han blir verande i Bergsøy også denne sesongen. Det skriv klubben i ei pressemelding, der dei omtalar han som eitt av dei største talenta på Sunnmøre.