Mathias (18) byter klubb berre to månader etter førre overgang

Få dagar etter at handball-talentet Mathias Welle Aam hadde signert for Bergsøy fekk han kontraktstilbod av 1.-divisjonsklubben Falk Horten.

NY KLUBB: Mathias Welle Aam (bildet), har no signert for 1.-divisjonsklubben Falk Horten. Førre sesong spelte han i Ørsta.  Foto: Privat

Håndball

– Det heile var litt spesielt. Berre nokre dagar etter eg hadde signert med Bergsøy kom tilbodet frå Falk Horten. Etter ein lengre diskusjon mellom meg, Bergsøy og Falk Horten, enda det i at eg terminerte kontrakta mi i Bergsøy og signerte for Falk Horten, forklarar ungguten frå Ørsta til Sunnmørsposten.