Elitespelarar skal gjere draumen til realitet: – Flytta til Volda for å rykkje opp

Søndag startar sesongen i 1. divisjon igjen for handballdamene i Volda. Meir erfaring i spelartroppen blanda med eit større utviklingspotensial er skilnaden frå førre sesong.

VOLDA: Trenar Halldor Haraldsson er godt nøgd med sine nye tilskot Mina Mjærum (t.v.) og Hanna Edvardsson, som begge har erfaring frå eliteserien  Foto: Espen Johannes Langeveld

Håndball

– Det blir enklare for oss å hente nye spelarar for kvart år. Me har blitt ein større moglegheit enn me har vore tidlegare, og har vist at me kan utvikle unge spelarar til eit veldig høgt nivå. Spelarar rundt om i landet veit kven me er no, seier ein offensiv Volda-trenar Halldor Haraldsson til Sunnmørsposten.