Jets er eit verdsomspennande konsern. Vi sender varer, delar og folk ut i heile verda – og vi tek i mot gjester, samarbeidspartnarar og kundar frå heile verda. Dessutan har vi ambisjonar om solid vekst i åra og tiåra som kjem. I ei verd der vatn vert eit knapt gode, er dei miljøvenlege sanitærprodukta våre med lavt vassforbruk ein del av løysinga.

Det vil vise godt att i salstala våre – og i behovet vårt for gode kommunikasjonsvegar.

Skal kontakten vår med omverda halde tritt med produksjonsauke, bedriftsutvikling og vidare økonomisk vekst, så treng vi eit døgnope samband over Sulafjorden.

Bedrifta vår ligg berre eit par steinkast frå ferjekaia på Hareid, men kort veg til ferja betyr ikkje at det er den beste løysinga for oss. Vi treng eit samband som ikkje har ventetid og som ikkje er stengt i delar av døgnet.

Jets og bedriftene rundt oss i ytre har mange tilsette frå Ålesund-regionen. Desse vil få ein enklare kvardag med fast samband som ikkje gjer at ein må følgje nøye med på sekundvisaren på klokka for å nå ferja på veg til jobb eller heimover for å hente i barnehagen.

Med fast samband vil vi også ha eit større område å rekruttere frå når vi treng nye tilsette, og det vert endå meir attraktivt å flytte til regionen.

Fast samband vil sjølvsagt også gi oss ein heilt ny kvardag når det gjeld flyreiser og flyplass. Ålesund lufthamn har med sine internasjonale avgangar stor betydning for oss. Det skal gå raskt og vere effektivt, men i dag er dessverre ferja ein flaskehals for oss sjølve, for kundar og for varer vi sender.

Vi gler oss når vi no ser dei tre målebøyene på plass i Sulafjorden. Dei måler bølgjer, temperatur, saltinnhald og straumar og dei betyr at vi er eit steg nærare fast samband. Men det trengst meir arbeid, meir politisk vilje og meir pengar skal sambandet kome på plass.

I første omgang gjeld dette å sikre at pengar til planlegging er på plass i statsbudsjettet. På lengre sikt, må Hafast vere med i Nasjonal Transportplan som skal leggast fram for Stortinget til våren.

Med bygging av Hafast vil ein i kombinasjon med Møreaksen etablere ein effektiv transportakse gjennom ein heilt spesiell region for vekst og verdiskaping. Vi kan allereie vise til at denne regionen har dei største eksportinntektene per arbeidstakar. Med dei nye sambanda på plass vil det utløyse fire milliardar kroner i ny verdiskaping. Kvart år! Berre for Hafast sin del er det rekna ut at verdiskapinga per arbeidstakar vil auke med 130.000 kroner. Det er ein auke ingen av dei andre sambanda langs ferjefri E39 kan vise til.

Faste og døgnopne samband vil bygge nye bu- og arbeidsregionar. Det vil gjere det enklare både å skaffe nye og gode arbeidstakarar – og skape nye og gode arbeidsplassar. Eit godt grunnlag for at Jets skal kunne vekse vidare og næringslivet i regionen utvikle seg vidare, er å bygge og binde saman Sunnmøre. Med Hafast si målsetning om byggestart i 2023 vil Hafast vere viktig for dagens arbeidstakarar og bygge framtida for morgondagens arbeidsliv.