Etter at kommunestyret samrøystes gav meg, som ordførar i førre periode, klar melding om å gå breitt ut og «snakke med mange», kom vi så langt at vi såg konturane av ei større og meir slagkraftig kommune til det beste for regionen.

Det var viktig å sitje i førarsetet framfor å bli vist til tribuneplass.

Haram har no isolert seg til å opptre som ei kommune som er seg sjølv nok.

Ein skyv frå seg eit politisk ansvar, og viser til ei folkerøysting med svært lågt frammøte og eit alternativ som ikkje er lenger er reelt. Etter fleire oppmodingar om nye høyringar om folkemeininga, og vere med på drøftingar med Nye Ålesund, har ein berre sagt at «folket har talt».

Dette er oppmodingar både frå politisk hald og frå næringslivet.

I Sunnmørsposten av 20. januar ser vi noko av det vi kan vente oss og som blir konsekvensane. Nye Ålesund nullstiller samarbeid. Vi snakkar her om samarbeid innanfor renovasjon, IT, barnevern mv., eit tal på mellom 40 og 50 interkommunale samarbeid for Haram sin del.

Det ligg i kommunereforma sin intensjon at kommunane skal vere store nok til å handtere sine oppgåver sjølve. Slik sett er diskusjonen som Nye Ålesund kommune legg opp til heilt etter oppskrifta.

Kva dette vil ha å seie for Haram kan ein kanskje tenkje seg. Starte opp igjen med eige kommunalt renovasjonsselskap, slik vi hadde tidlegare, trur eg blir både dårlegare og dyrare.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Eg synest det har vore trist å vere vitne til at Harams-politikarane ikkje har brukt tid og moglegheiter til å vere med i drøftingane som Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog har hatt.

Her kunne vi lagt inn nokre føringar både for Hamnsundsambandet og fleire andre viktige saker for Haram.

Eg fekk spørsmål nyleg om kva som skjer i Haram. Kommunen har meldt seg ut av Maritimt Forum Nordvest.

Ein bransjeorganisasjon som jobbar for rammevilkåra for den viktigaste næringa i Haram.

Her har vi vore med som medlem i lang tid. Har ikkje Haram kommune, som kallar seg «den største maritime industrikommunen i Norge», råd til å bruke om lag 5000 kroner av eit budsjett på om lag 500 millionar til dette? Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sagt sitt.

Han rår til at Haram blir lagt inn i Nye Ålesund. Eg håper Stortinget og Regjeringa legg vekt på Fylkesmannen sitt råd.

Skal vi løfte regionen vår inn i framtida, trur eg ikkje dette skjer gjennom isolasjon slik Haram står fram i dag. Haram har i lang tid sett viktigheita av å spele på lag med andre kommunar og næringslivet. På heimesida til Haram kan ein difor lese : « Haram – tradisjon for lagbygging i verdsklasse».

No er dette snudd på hovudet.

Isolerte og sjølvopptatte Haram sit på sida av Nye Ålesund, som i dag er adressa til hovudkontora til dei største bedriftene i Haram, bedrifter som vi er uendeleg avhengige av. Dette er til å undrast over!

Oppdatering: Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter svarer Sandnes