Vi skal prøve å forklare innhaldet i fakturaen som Baade fekk, men først vil vi presisere at fakturaen gjeld forbruket i desember. Tussa fakturerer etterskotsvis. Fakturaen, som omfattar både kraft og nettleige, er på om lag 3.900 kroner. Deler ein det på eit forbruk på om lag 3000 kWh så har ein ein samla pris på 1,27 kr pr. kWh.

Tussa forstår at mange kundar, både hos oss og elles, reagerer på dei høge kraftprisane. Årsaka til at prisane er høge i år, er at vi har bak oss eit av dei tørraste åra i «manns minne». Med lite vatn i magasina så betyr det høge kraftprisar. I Sunnmørsposten 22. januar gir kraftanalytikar Tor Havåg i Tussa ei meir utdjupande forklaring på kva som påverkar kraftprisane.

Kva betyr det for straumrekninga til Gisle Baade og andre straumkundar? Råvareprisen på kraft var i desember over 50 øre/kWh på kraftbørsen Nord Pool og med mva., elsertifikat og marginar så vert prisen kundane må betale rundt 70 øre/kwh. Den prisen må ein gonge med forbruket og det er som oftast høgare når det er vinter og kaldt. Der er ikkje uvanleg at dei som bur i einebustad har eit forbruket på over 3.000 kWh i ein vintermånad som desember. I dette dømet har ein betalt om lag 2.200 kr for å halde huset varmt og lyst i desember.

I tillegg til kjøp av kraft betaler ein også nettleige til Mørenett AS. Nettleiga dekker kostnader til utbygging, drift og vedlikehald av kraftnettet, og alt som skal til for å sikre at straumen til ei kvar tid kjem trygt fram. Nettleiga består av eit fastbeløp på litt over 200 kr pr. mnd og eit energiledd på om lag 47 øre/kWh som ein også må gonge med forbruket (3000 kWh) pr. mnd. Det vil seie at nettleiga i desember vil vere på rundt 1600 kr i dette dømet. Kva betyr det for straumrekningane dei komande månadane?

Vi må rekne med høge kraftprisar også inn i 2019. Hydrologien betyr mykje for kraftprisen. Ein mild og våt vår vil vere positiv for alle straumkundar. I tillegg går kraftforbruket vårt ned når det vert mildare vêr, og det reduserer både kraftforbruket og nettleiga.