Svar til Leif Hovde Sunnmørsposten 25. mars

Leif Hovde etterlyser i eit lesarinnlegg ein koordinator – eit nøkkelkort, som skal sørge for at råd og kommunedelutval i nye Ålesund får saker til uttale i ein tidleg fase og som også skal sikre at råda/utvala får tilbakemelding om kva som har skjedd med dei innspela dei har kome med.

Leif Hovde har heilt rett i at dette må vere på plass når den nye kommunen er i drift frå nyttår. Som Hovde sjølv påpeiker, er det ein formidabel jobb å forme organisasjonen og nærleiken til innbyggarane.

Vi takkar for skryt for arbeidet som allereie er gjort. Arbeidet skal fortsette i heile 2019 og vidare inn i 2020-åra.

Den nye kommunen trer ikkje formelt i kraft før 1. januar 2020. Det gjer heller ikkje dei lovpålagte organa for den nye kommunen. Kven som skal sitte i dei, er m.a. avhengig av kommunevalet i september.

For å få kommunedelutvala til å fungere godt allereie frå 2020, må det vere på plass ein koordinator/ein person som har som funksjon å vere bindeleddet mellom utvala og resten av kommunen. Vi er no i ferd med å gjere innplasseringar av personalet vårt i den nye kommunen. Denne funksjonen vil også kome på plass i samband med dette arbeidet. Sidan alle tilsette som skal overførast frå gamal til ny kommune, har oppgåver i sin «gamle» kommune fram til nyttår, har vi ikkje kapasitet til å få denne inn i dette arbeidet før frå nyttår av, på same måte som alle andre stillingar som skal fungere i nye roller inn i den nye kommunen.

Leif Hovde var sjølv med på eit fellesmøte som prosjektorganisasjonen hadde med dei tre lovpålagte råda – ungdomsråda, eldreråda og råda for dei med funksjonsnedsettingar – i dei fem kommunane no i mars. Kommunalsjefane for dei seks kommunalområda ba på møtet om innspel frå råda til korleis nye Ålesund best mogleg kan forbetre tenestene.

Innspela blir tatt med i vidare planlegging og råda blir inviterte til eit nytt møte før sommaren. Kommunalsjefane vil då gjere greie for kva som har skjedd med innspela og kva vurderingar som er gjort.

Dette er ein måte å arbeide på som vi vil vidareføre i den nye kommunen – ein arbeidsmetode som krev at både administrasjonen, politikarar og innbyggarar er tett på i prosessane slik at reell samskaping skjer. I tillegg til kommunedelutvala og dei lovpålagte råda, får innbyggar-torga som skal vere i tettstadane i kommunen, ei viktig rolle.

Her vil det vere folk med lokalkunnskap og med evne til å involvere og samordne. Desse skal hjelpe til å drive den nye kommunen framover saman med innbyggarar, næringsliv, politikarar og andre aktørar.

Prosjektorganisasjonen bygger no huset – den nye kommunen. Døra skal ha eit nøkkelkort!