Dagens Næringsliv presenterte 21. juni ei liste over det dei meiner er 30 «ledestjerner« under 30 år. Grundig presentert på glansa papir i D2.

Topp folk alle saman, heilt sikkert. Nokon av dei kjenner eg litt til også. Eg veit dei er bra folk og leiestjerner. Så kva er problemet? Facebook, Brønnøysundregistera og Gule sider fortel meg at dei fleste leiestjernene no arbeider i Oslo. Dei er gjerne oppvaksen der også. Og er dei frå andre stader, så bor dei helst i Oslo. Det er der det skjer tydelegvis. Alta, Løten og andre stader i oppveksten, men så må ein altså til Oslo for å realisere potensialet sitt.

Nesten ingen unntak. Mitt sveip gjennom lista viser at det dreier seg om færre enn det du kan telje på ei litt skamfert hand – kanskje tre eller fire stykke. Oslo har berre litt over 10 prosent av innbyggjarane i landet vårt, men Dagens Næringsliv sin jury finn berre plass til 10 prosent av dei som held til utanfor.

«God grunn»

Juryen er også Oslo-prega. Det ligg vel noko der. Juryen har talt: Skal du bli noko må du bu og/eller jobbe i Oslo. Og gjerne vere derifrå. Så er det sjølvsagt ikkje slik. Verdiskaping skjer i heile landet.

Så har eg altså blitt ein slik sur middelaldrande fyr i Distrikts-Norge som irriterer meg på Oslo-dominansen i nyheiter og populærkultur. Eg skulle aldri bli slik, og særleg ikkje etter 9 år på St. Hanshaugen og i Homansbyen, men slik er det blitt. Etter 14 år tilbake i heimtraktene, så ser eg klarare. Og eg er irritert med god grunn.

Dette er ikkje dei 30 leiestjernene sin feil. Merksemda dei får er vel fortent. Det handlar om manglande samfunnsansvar frå det som skal vere eit riksmedium. Det handlar neppe om budsjett, men kan sjå slik ut: DN og juryen si rekkevidd i denne saka er om lag som ein Ruterbillett til 36 kroner. Men det dreier seg mest om manglande vilje og evne til – bokstaveleg talt – vidsyn. Og det har langt meir alvorlege følgjer enn at ein 45-åring som bur i Ålesund blir sur. Det dreier seg om ein einsretting av kven som skal vere forbilde, ja leiestjerner, for oss alle. Eg har to døtrer. Eg vil at dei skal sjå fleire vegar til lykke enn E6 mot søraust. Ein går glipp av mykje potensial i menneske som er definert som, ja, utanfor.

Verdiskaping

Eg skriv desse orda på ein smarttelefon i pauseteltet på Idyllfestivalen i Fredrikstad. Eg kan ikkje sjå at denne festivalen, kanskje ein av dei beste i Norge, har fått særleg til omtale i riksaviser. Kanskje berre i notisform ved tilfelle av fyll, så får vi alle bekrefta fordommane vi har om den harry fyren eller dama frå Østfold. Kor mange reportasjar skal vi ikkje få frå Øyafestivalen om vel ein månad? Brei omtale av artistar, årets festivalmote og kimchi i glutenfri vaffel (elles veldig godt).

Eg driv Tikkio, eit teknologiselskap med hovudkontor på 62. breiddegrad på Sunnmøre. Vi har kundar over heile Norge, i Danmark og planar om meir. Eg er altfor gammal til å hamne på ei ung og lovande-liste. Men det er mange andre utanfor Oslo som burde ha vore med. Vi, som dei, bidreg på vårt vis til verdiskaping, bulyst og – glede utanfor det som er Dagens Næringsliv si vilja rekkevidd.

Juryen i kåringa av leiestjernene har vore flinke til å balansere kjønn, etnisk opphav og bransje. Hadde 90 prosent av dei unge leiestjernene vore menn, hadde det blitt ramaskrik. Men juryen sviktar på den geografiske dimensjonen.

Media, lovmyndigheiter og rettsvesen står elles klar for å slå ned på forskjellsbehandling når det gjeld kjønn, legning og etnisitet for eksempel – men kva med geografi?

Til Språkrådet og Likestillingsombodet lanserer eg med dette omgrepet "geografidiskriminering“. Ver så god!

Lik og del som det heiter, så kanskje vi utanfor blir høyrt.