Leiar:

«Meir vekt på læring gjennom utforsking og leik»

Nye læreplanar: Det skal bli meir leik i opplæringa av dei yngste elevane.   Foto: Gorm Kallestad NTB/scanpix

Tiltaka skal gjere gutane betre, dei skal ikkje gjere jentene dårlegare

Meninger

Det er framleis eit stort problem at mange elevar går ut av grunnskulen utan å kunne lese, skrive og rekne skikkeleg, og mange fullfører ikkje vidaregåande skule. Gutane kjem dårlegast ut, og det startar allereie i første klasse. Gutar får i snitt lågare karakterar og grunnskolepoeng enn jenter i grunnskulen, er kraftig overrepresentert når det gjeld spesialundervisning, flest gutar droppar ut av vidaregåande skule og færre gutar enn jenter tek høgare utdanning. Mange gutar føler seg som taparar heilt frå barnehagen. Det er viktig med tiltak for å snu denne utviklinga. Tiltaka skal gjere gutane betre, dei skal ikkje gjere jentene dårlegare

Både forskarar, foreldre og lærarar har gitt uttrykk for at seksårsreforma, slik den vart gjennomført, er eit stort feilsteg. Reforma, som vart innført i 1997, førte til at alderen for skulestart vart senka frå sju til seks år. Intensjonane var gode, nemleg å kombinere det beste frå pedagogikken i barnehage og skule, og gi seksåringane ein skulestart der leik og aktivitetar stod sentralt. Men slik gjekk det ikkje. Læreplanen vart ikkje tilpassa seksåringane. Det er blitt mykje stillesitjande teoriundervisning som mange av dei yngste elevane, særleg gutane, ikkje er klare for.


Eg ber deg i nevane mine – eg lovar å aldri gje slepp

Å vere foreldre kan vere utfordrande nok i seg sjølv. Å vere foreldre til eit barn med spesielle behov kan vere meir utfordrande, ein kan kjenne på kjensla av avmakt.


Løysinga er ikkje å flytte seksåringane tilbake til barnehagen, men å legge forholda til rette for meir læring med vekt på leik og aktivitetar i skulen. Derfor er det positivt at dei nye læreplanane for grunnskulen, som nyleg har vore ute på høyring, satsar på læring gjennom leik for dei yngste. Det er mange måtar å lære på, og det er bra at målet er å gjere undervisninga meir utforskande, praktisk og kreativ. Samfunnet er i endring, og skulen må gi elevane eit solid grunnlag for å møte framtida.

I tillegg til nye læreplanar, vil regjeringa legge fram stortingsmelding i haust med tiltak for å skape inkluderande fellesskap og styrke den tidlege innsatsen i barnehagar og skule. Det hastar, for det er ein klar samanheng mellom mangelfull skulegang og risiko for å ende opp utan arbeid og utan eigen familie. Utanforskap er eit alvorleg samfunnsproblem, som må førebyggast så tidleg som mogleg.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger