Ein ny dag gryr. Ålesund. Borgundfjorden sett frå ein bustad i skogkanten på Nørve. Eit nytt cruiseskip er på veg inn. Dette og 181 cruiseskip til inn fjorden i år. Og ut igjen. Rekord. Igjen. Desse skipa bidreg til lokal forureining og luftkvalitet som innimellom er langt dårlegare enn det ein finn i sentrum av millionbyar på kontinentet. Som reduserer sikt og fyller lungene til oss som bur her. Som fyller atmosfæren og havet. Plagar planeten.

Alle kan og skal gjere sitt. Og det gjer vi. Og vi resirkulerer og køyrer elbil og sykkel og sparkesykkel og kollektivt og kjøper sugerøyr i papir og burger utan kjøt og snikrar biehotell som dei små summetonane kan flyge inn i og så flyg vi minst mogleg sjølv og skammar oss når vi likevel gjer det.

Så har vi altså desse som forureinar meir enn alle andre. Som gjerne skamlaust fløytar på veg inn fjorden. Her kjem vi! Fossilt brensel fyller himmelen for open scene. Og dei gir blaffen. Dei gjer som dei vil fordi norske og lokale myndigheiter gir blaffen. Og skal eg vere litt mildare; tiltaka som er nemnt er ikkje nok og dei blir ikkje innført fort nok.

Alle har eit ansvar, som nemnt. Men skal alle vi som forureinar litt, men likevel for mykje, finne motivasjonen for å gjere meir, då må vi stoppe dei som bryr seg minst. Der det monnar mest.