Nye Ålesund kommune har ein visjon om å bli det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim. Det er ein stor og viktig visjon som vi støttar. Det er behov for eit sterkt landsdelssenter i nordvest som kan bremse sentraliseringa mot dei største byane i landet, og gjere regionen endå meir attraktiv. Men for å nå det målet, må Ålesund først bli byen for heile Sunnmøre.

Avtalen, som er meisla ut for å oppfylle visjonen, er vedtatt av bystyret i Ålesund og kommunestyra i Haram, Sandøy, Ørskog og Skodje. Eit av punkta handlar om at den nye kommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Det betyr at staten må sende alle skriv til Ålesund på nynorsk, og kommunen må bruke nynorsk i annonsar, informasjonsmateriell, protokollar og saksutgreiingar. Det er ei ordning dei fleste kan leve med.

Nokon trur vedtaket tvinger innbyggarane til å skrive nynorsk til kommunen. Det er feil. Alle kan fritt velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål, og alle grunnskular kan halde fram med den målforma dei har i dag. Dersom ein person skriv brev til kommunen på bokmål, vil vedkomande få svar på bokmål, og tilsette i kommunen kan velje om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i sitt daglege arbeid, til dømes når dei skriv referat og rapportar. Dette viser respekt for begge målformer i praksis.

Ålesund kommune har dei siste åra vore språknøytral, men er blitt oppfatta som bokmålskommune. Språknøytral har vist seg i praksis å bety at bokmål dominerer og nynorsk taper. Mange sunnmøringar er opptatt av at nynorsk ikkje må bli svekka. Dersom nye Ålesund skal oppfylle visjonen om å bli landsdelssenter, og bli ei sterk kraft for heile regionen, bør kommunen stå fast på vedtaket om nynorsk som administrasjonsspråk.

Enkelte ser det som ei ulykke at Norge har to skriftspråk. Denne «ulykka» har samanheng med at Norge i over 300 år var underlagt Danmark. Då Norge i 1814 kom seg inn i ein friare union med Sverige, oppstod behovet for å kunne skrive på norsk. Enkelte ville fornorske dansk, og det vart dagens bokmål. Sunnmøringen Ivar Aasen ville ta utgangspunkt i dei norske dialektane, og det vart nynorsk. Det går an å vere glad i både nynorsk og bokmål, og sjå dei to målformene som ein rikdom. Nye Ålesund kan med sitt vedtak vere med på å styrke språkleg mangfald og kulturell rikdom.