I det nye kommunestyret i Ålesund har 36 kvinner og 41 menn fått plass. Kvinneandelen er høgare enn samarbeidskommunane Ålesund, Haram, Skodje, Ørskog og Sandøy har hatt tidlegare. Det er gledeleg, og viser at den nye kommunen er på rett veg når det gjeld å skape betre kjønnsbalanse. Det er vesentleg at demokratiske organ speglar befolkninga når det gjeld både kjønn og alder. Mangfald i representasjon er med på å styrke legitimiteten til folkestyret. I tillegg til Ålesund har også kommunane Stad, Sula, Hareid og Ulstein over 40 prosent kvinnelege representasjon i dei nye kommunestyra. Men i den andre enden av skalaen ligg Vanylven, Stryn, Giske og Volda med kvinnedel under 30 prosent.

Møre og Romsdal har i fleire tiår scora lågt på nasjonale likestillingsindeksar, som mellom anna har målt kvinneleg representasjon i kommunale og fylkeskommunale organ, kvinneleg leiarskap i næringsliv og offentlege etatar og kjønnsdeling i arbeidslivet. Ein region som er dårleg på likestilling er ikkje attraktiv for unge kvinner, og det har vore eit stort problem for Møre og Romsdal. Ikkje minst fordi mange kvinner tek høgare utdanning, og dermed går regionen glipp av verdifull kompetanse.

Kvinner, i større grad enn menn, har flytta ut og ikkje kome tilbake. Fylket har hatt litt under 90 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20 til 39 år, og har vore mellom dei dårlegaste i landet når det gjeld kjønnsbalanse. Dei neste ti åra er folketalsveksten i Møre og Romsdal berekna til 3,5 prosent, og det er om lag halvparten av den forventa folketalsveksten elles i landet. Det blir færre barn og unge, samtidig som det blir fleire eldre.

Likestilling er viktig for samfunnsutviklinga, og det har skjedd mykje positivt siste åra. Det bør leggast merke til at det både blir kvinneleg fylkesordførar, og kvinneleg ordførar i den største kommunen etter årets lokalval. Møre og Romsdal er blitt kalla machofylket der kvinnene ikkje slepp til, men slik er det ikkje lenger.

Likevel er det mykje ugjort. Den låge kvinnelege representasjonen i nye Volda er eit godt døme på det. Å sikre mangfald og god kjønnsbalanse må vere ei prioritert oppgåve i alle kommunar.