Volda sjukehus:

«Alle pasientar skal til næraste traumesjukehus, uavhengig av foretaksgrensene»

Eivind Vinjevoll, Harald Topphol og Jon Backer Hjorthaug er overlegar ved Volda sjukehus og har skrive denne kronikken.  Foto: Privat

Meninger

Helseforetaka har fått i oppdrag å implementere nasjonal traumeplan for å sikre fagleg forsvarleg behandling av potensielt hardt skadde pasientar. Fagdirektør Torstein Hole, Helse Møre og Romsdal, anbefalar i si innstilling i sak 56-19 i styremøte 25. september styret om å vedta eit traumesystem som bryt med nasjonal traumeplan. Nasjonal traumeplan definerer eit sett kriterier som kan tyde på alvorleg skade hos ein pasient og legg til grunn kva for kompetanse denne pasienten skal møtast med og kor raskt dette skal skje. Fagdirektøren anbefalar at ein i ein region med store avstandar, mange ferger og mykje ver, ikkje skal utnytte eit godt sjukehustilbod når det hastar som mest. Dette råkar innbyggjarane i Nordfjord og på Søre Sunnmøre, minst 70 000 menneske som har Volda som næraste akuttsjukehus. Vi vil sterkt fraråde styret å gjere vedtak som foreslått.


Anbefaler at Volda skal være akuttsjukehus uten traumefunksjon:

Vil kutte ut traumefunksjon i Volda

Direktør Nils Kvernmo anbefaler at Ålesund og Molde skal ha akuttsjukehus med traumefunksjon, men ikke Volda og Kristiansund.


Fagdirektøren må korrigerast på fleire punkt. Dette har vi forsøkt å gjere internt, utan å nå fram. Han vel å oppgi feil talgrunnlag i saksframlegget til styret. Det er ikkje 30 traumepasientar frå Volda dette gjeld. Nasjonal traumeplan er tydeleg på at alle pasientar skal til næraste traumesjukehus, uavhengig av foretaksgrensene. Det rette talet blir då samla ca 100 pasientar, inkludert ca 30 frå Nordfjord.

Ein legg opp til at pasientar med truga luftvegar eller livstrugande blødningar skal køyrast forbi eit sjukehus som ved enkle prosedyrer kunne løyst problema. I traumatologien har ein snakka om den gylne timen, ettersom ein veit at mange hardt skadde døyr av blødningar og luftvegsproblem innan den første timen etter skaden. Då er det uforståeleg at ein legg opp til ekstra transporttid på opp mot ein og ein halv time i vårt område. (Når pasientane blir transportert i helikopter, er det naturleg at dei blir frakta til Ålesund.)


Folkeaksjonen for Volda sjukehus reagerer på planene om å fjerne traumefunksjonen ved sjukehuset:

– Svak, tynn og mangelfull begrunnelse

Nestleder Jørund Knardal i Folkeaksjonen for Volda sjukehus er ikke imponert over argumentene for å kutte ut traumefunksjonen ved sjukehuset.


Ei brei faggruppe vart sett ned for å vurdere og revidere vårt regionale traumesystem etter ny nasjonal traumeplan. Denne konkluderte med at Volda oppfyller krav til sjukehus med traumefunksjon. Men i fagdirektøren si innstilling til styret, kjem han med mange nye faglege argument som ikkje er tillagt vekt i hverken faggruppa sin rapport eller i nasjonal traumeplan. Vi veit ikkje kvar fagdirektør og leiargruppa har forankra desse nye argumenta, og vi kan ikkje sjå at dei er relevante.


Hovedtillitsvalgt for Fagforbundet ved Volda sjukehus:

Reagerer på at hun ikke har vært med i prosessen

Elisabeth Kirkholm er hovedtillitsvalgt for Fagforbundet ved Volda sjukehus. Hun reagerer på at hun ikke har vært med i prosessen som har ført til at direktør Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal vil kutte traumefunksjonen ved sjukehuset.


Lavt antal skadde er eit tema i saksframlegget. Med i underkant av 100 traumepasientar i året vil Volda plassere seg om lag midt i laget i norsk målestokk. 17 av 32 traumesjukehus i Noreg har under 100 traumepasientar i året. Alle samanliknbare sjukehus i landet har traumefunksjon. I Nord-Noreg er det ofte lengre avstand til traumesjukehus enn i vårt område. Men der køyrer ambulansen sjølvsagt ikkje forbi kompetent hjelp.


Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe for Senterpartiet:

– Det hjelper ikke å bli frakta til Ålesund om du ikke er i live når du kommer fram

Stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet er ikke begeistret for planene om å kutte traumefunksjonen ved Volda sjukehus.


Nasjonal traumeplan slår fast at gevinster av høge pasientvolum først kan hentast ut på dei aller største traumesjukehusa. I Noreg gjeld dette utelukkande OUS Ullevål. Ullevål tek imot og behandlar om lag 20 gongar så mange hardt skadde som heile Helse Møre og Romsdal. I Møre og Romsdal er vi alle små traumesjukehus, og må ta konsekvensen av dette. Vi må bruke dei ressursane vi har, og fokusere på øving for å oppretthalde kompetanse og kvalitet. Denne kunnskapen ligg til grunn for den nasjonale traumeplanen. Det framstår for oss som usannsynleg at det ekstra volumet av traumepasientar frå vårt område vil styrke kvaliteten i traumebehandlinga i Ålesund i målbar grad.



Arbeidsgruppa har altså slått fast at Volda oppfyller alle krav til kompetanse og infrastruktur i nasjonal traumeplan. Og Volda oppfyller meir enn berre minstekrava. Gastrokirurgane er traumeleiarar og dei mest sentrale fagpersonane i dette systemet. Det er oftast kontroll av blødning frå bukorgan som redder liv hos desse pasientane. Volda har gastrokirurg i vakt 24-7.


Volda sjukehus:

Ambulansepersonell sterkt bekymra for pasientane

Lokale fagfolk er kritiske til at Volda kan miste traumeberedskap. Dei fryktar at dei vil vert tvinga til å sette liv og helse til pasientane på spel.


Gastrokirurgane i Volda har vore traumeleiarar på St Olav eller OUS Ullevål, dei fleste på Ullevål. Vi har difor stor erfaring med behandling av hardt skadde pasientar. Dette sikrar at dei interne systema er på plass. I tillegg har alle personalgrupper i traumeteamet i Volda høg oppfylling av kurskrav, faktisk best i fylket.


– Handlar om pasientgrunnlaget til Helse Førde

Stig Olav Lødemel trur kutt av traumefunksjon i Volda handlar om at Helse Møre og Romsdal ikkje skal ta pasientgrunnlag frå Helse Førde.


Hole argumenterer også med meir omfattande støttefunksjonar i Ålesund som årsak til behovet for sentralisering. Her bryt han igjen med grunnprinsippa i nasjonal traumeplan. Når det hastar som mest, er det dei enkle tiltaka som må gjerast raskt. Seinare kan dei hardt skadde pasientane overførast til traumesenteret, St Olavs Hospital. Støttefunksjonane Hole referer til er sekundærtilbod som pasientar kan transporterast trygt til etter nødvendig stabilisering. I dei fleste høve skal denne type tilleggsbehandling skje på traumesenteret i Trondheim. Det vert presentert som problematisk at Volda sender vidare fleire hardt skadde til Trondheim. Desse overflyttingane er alltid gjort i samråd med traumeleiar på St Olav og heilt i tråd med overflyttingskriteria nasjonalt. Dei same overflyttingsreglane gjeld også for Ålesund. Vert dei fulgt?

Vi opplever regelmessig å ha ansvar for eit større nedslagsfelt enn det formelle. Seinast for ei veke sidan var vegen til Førde stengt ved Olden. På grunn av klimaendringar må ein forvente at slike situasjonar vil oppstå oftare i framtida. Også ved masseskadesituasjonar er det traumesystemet som fungerer og redder liv på sjukehusa. Denne viktige beredskapsfunksjonen må takast hensyn til.

Vi veit kva som ventar oss når traumefunksjonen manglar. Vår erfaring tilseier at 30-40 traumepasientar framleis vil kome til Volda, og vi må ta oss av dei. Då denne problemstillinga var teke opp i ei tidlegare runde med dåverande fagdirektør var svaret: «De får gjere så godt de kan». Er dette framleis svaret? Vi ber om at styret lar oss ta oss av desse pasientane på ein forsvarleg og forutsigbar måte ved å gi oss ein plass i traumesystemet.

Eivind Vinjevoll
Overlege og seksjonsleiar anestesi Volda

Harald Topphol
Overlege og seksjonsleiar ortopedi Volda

Jon Backer Hjorthaug
Overlege og seksjonsleiar kirurgi Volda

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger